SØRAL B.I.L til 2469 i 2009

Klikk på bilete for full storleik
 
Styret i bedriftsidrettslaget og trimgruppa har gått saman om prosjektet 2469. 2469 er Noregs høgaste punkt Galdhøpiggen, og gjennom ulike aktivitetar i eit år framover er målet å stå på Norges tak i august 2009. Det er omlag 30 tusen besøkande på Galdhøpiggen årleg.
 

Korleis melde seg på PRO 2469

Ynskjer du å delta i PRO 2469, kan du melda deg på til ein av følgjande personar: 

 

Tordis Sagstad     Tlf. 5202

Bjørn Heimvik       Tlf. 5228

Bjørn Arholm        Tlf. 5314 

  

For e-post, klikk på namn, husk å erstatte [Ø] med @.

 

Kva er så prosjekt 2469

Det viktigaste med prosjektet er ikkje å nå toppen av Galdhøpiggen, men å delta i ulike aktivitetar fram til hausten 2009, der prosjektet vert avslutta med fellestur til Galdhøpiggen 21. - 23. august 2009. Eit viktig poeng er at aktivitetane er i regi av SØRAL B.I.L.

 
Klikk på bilete for full storleik
Frå oppstarten av prosjektet ved Opsangervatn.

Oppstart av prosjektet

Prosjektet vart offisielt starta 2. september 2008, med aktivitetar ved nausta i Opsangervatnet. Det var pøsande regnvær, men omlag 30 personar med store og små hadde møtt opp. 

  

Kven kan delta

Det er i utgangspunktet bare SØRAL- tilsette med partnar som kan delta i prosjektet. Begge må vera medlem i SØRAL B.I.L.

Les meir om reglane her: Reglar

Kva kostar turen?

Det er lagt opp til transport med ein buss til Galdhøpiggen. Turen vil i utgangspunktet kosta 2000,- pr. person. Ved å delta i dei ulike aktivitetane som SØRAL B.I.L arrangerer, kan SØRAL-tilsette redusera eigenandelen med 300,- pr. aktivitet, maks 5 aktivitetar. Min egenandel vert då kr. 500,- for SØRAL-tilsette. For partnar gjeld same opplegget, men her oppnår ein kr. 200,- i reduksjon pr. aktivitet. Min egenadel for partnar vert då kr. 1000,-.

Les meir om opplegget under reglar: Reglar

 

Korleis finne aktivitetar?

Aktuelle aktivitetar, finn du på denne sida: Aktivitetar.

For aktivitetar som fotball, volleyball osv, er det bare å møte opp på dei faste treningane. For å få registrert denne typen aktivitet, er det nødvendig å delta på minimum 5 treningar.

For vårtrimmen, fjelltrimmen og liknande, er det nok å ha gjennomført ihht. krava for dei ulike aktivitetane.

 

Foto: Geir Berntzen

Tekst/Nett: H.O.Østebø

 
 
 
  Tilbake

 

Siste Nyhende
Flott skitur i Tveitedalen
Les meir[13.02.2012]
Bli med på tur til Tveitedalen
Les meir[30.01.2012]
Årsmøte i SØRAL B.I.L
Les meir[04.01.2012]
Utdeling av fjelltrimpremiar
Les meir[04.01.2012]
Romjulstur på Sunde
Les meir[20.12.2011]
Sør-Norge Aluminium AS
Nytt turhefte
Aktivitetskalender

Utviklet av iDrift AS   20©06 SØRAL B.I.L.