Prosjekt opptur 2011

Klikk på bilete for full storleik
 

Verdens helseorganisason (WHO) oppfordrer alle til minimum 1/2 time aktivitet kvar dag året rundt. SØRAL B.I.L. vil dette året kjøre prosjektet 'Opptur 2011'. Her vil vi oppfordre alle om å følgja WHO sitt råd.

 

Rund av til heil/halv time.

 

Hjelp til oppfølging

For at du enkelt skal kunna følgja med på mengda av eigen aktivitet, vil det frå 1. februar komma opp lister på oppslagstavlene der du registrerer aktiviteten din i timar. Når månaden er slutt, vil listene verta tatt ned og nye hengt opp.

 

Registrering

Registreringsperioden er sett til 1. februar til 30. november i år. Registrering av timar må vera gjort innan den 5. i påfølgjande månad. Dvs. ingen etterregistrering ut over det.

 

Døme

Altenative aktivitetar er: sykle/gå til og frå jobb, fotball, fjelltur, volleyball, turar i låglandet, innebandy, TrimX, mm.

 

Fellesaktivitetar og Premiering

Gjennom tida som 'Opptur 2011' varer, vil det bli lagt opp til fellesaktivitetar minst ein gong i månaden. Det vil også verta trekt premiar blant deltakarane i løpet av dei 10 månadene prosjektet pågår.

 

Fellestur - Aurlandsdalen

Siste helga i august må de setja av på kalendaren. Då vil fellesturen gå til Aurland der ein skal gå Aurlandsdalen ned. Meir informasjon kjem etterkvart.

 

Ektefelle / AFP

'Opptur 2011' er også open for ektefelle/partner og AFP’arar. Desse skal nytta eige skjema for registrering av sin aktivitet.

 

Aktivitetar

Informasjon om aktivitetar og prosjektet forøvrig vert presentert her på nettsida. Her vert det også mulig å skrive ut skjema som ektefelle/partner og AFP-personar skal nytta for registrering. Dersom det er SØRAL tilsette som heller vil nytta dette skjemaet istadenfor fellesskjemaet som heng på tavlene, er dette sjølvsagt ok.

 

Vi håpar alle er med på prosjektet; all aktivitet er betre enn ingen aktivitet :-)

 

Tekst: Tordis Sagstad

Nett: H.O.Østebø

 
 
Registreringskjema Word
Registreringskjema PDF
 
 
  Tilbake

 

Siste Nyhende
Flott skitur i Tveitedalen
Les meir[13.02.2012]
Bli med på tur til Tveitedalen
Les meir[30.01.2012]
Årsmøte i SØRAL B.I.L
Les meir[04.01.2012]
Utdeling av fjelltrimpremiar
Les meir[04.01.2012]
Romjulstur på Sunde
Les meir[20.12.2011]
Sør-Norge Aluminium AS
Nytt turhefte
Aktivitetskalender

Utviklet av iDrift AS   20©06 SØRAL B.I.L.