Innebandygruppa |
| Vinteren 2001 vart det starta opp ei innebandygruppe i bedriftsidrettslaget. Pr i dag spelar laget i 2.divisjon og vi har ambisjonar om å starte opp med oldboystreningar. |
| |
I oppstarten var det trening eit par gonger i veka i gymsalen på Undarheim skule og frammøtet var til tider overveldande.
Her finst nokre bilete frå ei av treningane det første året.
|
| |
| Etter kvart vart fleire og fleire ungdomar med på treningane og ein stamme av desse meldte hausten 2003 på lag i Hordaland bandykrets sin serie. Då måtte også heimekampane spelast i Bergen, men i løpet av sesongen vart nye mål og vante kjøpt inn, slik at Husneshallen kunne brukast til kampar.
|
| |
|
| Med det vart sesongen 2004/05 ein parademarsj gjennom 3.divisjon. Laget rykte opp med god margin og vann til tider kampane med utklassingssifre. Dermed vart det opprykk.
|
|
Pr vinteren 2006 spelar laget i 2.divisjon og trenar 2-3 gongar i veka i Husneshallen.
Link til Hordaland Bandykrets sine nettsider.
|
| |
|
|
| |
|
Dette laget er lagt ned.
|
| |
|
| |
|
| |
|
|
|