Brukande innsats i Romjulscupen

Andre og tredje juledag arrangerte Trio som vanleg sin tradisjonsrike Romjulscup i innefotball i Husneshallen. Av den vante gruppa som trenar fast med bedriftsidrettslaget til SØRAL var det ikkje nok interesse for å delta denne gongen, men det vart likefullt meldt på eit alternativt lag, i regi av Eirik og Are: Søral B.I.L. reservelag.
 
Laget kunne på førehand skryte på seg eit forferdeleg tynt treningsgrunnlag. Litt redusert av eit forfall vart vi også, men dei 7 som stilte opp beit veldig godt frå seg, teke i mente at cupen heldt eit veldig høgt nivå med mange aktive spelarar på laga. Vårt einaste aktive alibi var målvakt Thomas, medan resten av gjengen stort sett har sitt aktive virke i støyperiet og helst er passive med ballen i beina.
 
Klikk på bilete for full storleik
Bjørn Egil med full kontroll.
Grunna søvn etter nattskift mangla vi keepersstjerna vår til første kamp og med berre ein innbyttar var vi sjanselause mot eit ofseleg ungdommeleg og sprekt Rudlen Vèl. Her tapte vi 6-0 og var som sifra seier sjanselause. Men så skulle det gå mykje betre. I neste kamp var 'Dei innante' motstandar og her dominerte vi kampen. Are scora også det som såg ut til å bli kampens einaste mål og ein fortent siger, men på tampen presterte vi å lage eit fantastisk sjølvmål. Trur dei 3 siste ballberøringane vår frå våre spelarar, men likevel knota vi han inn. I feil bur. Dermed ei sur poengdeling.
 
I tredje kamp møtte vi regjerande og komande meister Spar Valen United. I tillegg til å vera det gode laget dei var i fjor, med Triokaptein Roger Røssland i spissen, var dei styrka ytterlegare med Kjetil Berge (på årets lag i Adeccoligaen, 1.divisjon i 2008) og TV2-reportar Håvard Lunde, som har fortid frå Vålerenga. Og Trio. Her kom vi frå det med eit heiderleg 1-3 tap, etter tapper innsats mot overmakta.
 
Til siste innleiande kamp var det då gode sjansar for å gå vidare, men vi skulle ikkje nøye oss med det. Her feide vi robuste Ho Chi Minh Soldiers av banen med eit sterkt 4-2-resultat. Vi låg under i starten av kampen, men snudde med fortente scoringar av Vidar, Eirik, Nils Eivind og Vidar igjen. Fleier av scoringane kom etter vakkert angrepsspel. Med dette vart også Vidar Røstbø oppsiktsvekkjande nok vår toppscorar og vi hamna på 3.plass i pulja med 5 lag i!
 
Det betydde 1/8-finale dagen etter og her var storlaget Sandvoll Flyers motstandar. Dei mønstra erfarne Trio-spelarar som Håvard Pedersen, Øystein Ersland og Trond-Inge Haugland. Her kom vi raskt under 0-2 og hadde små sjansar på å kome a jour. Mot slutten fekk vi også eit tredje baklengs, og dermed var eventyret over, mot eit lag som skulle gå heilt til finalen. Difor seier vi oss veldig godt nøgde med eigen innsats og vonar å kanskje stille noko betre trent til neste gong...
 

Med på laget var: Thomas Hallquist, Nils Eivind Kaldestad, Vidar Røstbø, Bjørn Egil Haugland, Are Ulseth, Eirik Sævareid og Espen Stensletten.

 

Tekst/foto/nett: Are Ulseth

 
 
 
  Tilbake

 

Siste Nyhende
Turveke til Kaldestadåsen
Les meir[23.04.2012]
Tur til Gråskallen via Onarheimslia
Les meir[22.03.2012]
Flott skitur i Tveitedalen
Les meir[13.02.2012]
Bli med på tur til Tveitedalen
Les meir[30.01.2012]
Årsmøte i SØRAL B.I.L
Les meir[04.01.2012]
Sør-Norge Aluminium AS
Nytt turhefte
Aktivitetskalender

Utviklet av iDrift AS   20©06 SØRAL B.I.L.