BIL SØRAL i landskamp mot Polen

1.pinsedag var det duka for noko så uvanleg som ein landskamp på Husnes. Bedriftsidrettslaget til SØRAL spelte venskapskamp mot ein gjeng polakkar, som jobbar med prosjekt i anodeverkstaden på SØRAL.
 
Klikk på bilete for full storleik
Rune Sjo åleine mot mål. Han lobbar over keeper, men også over målet.

Kampen skulle eigentleg gå i SØRAL-parken, men vart flytta til kunstgrasbanen. Under kyndig og uhilda pipeblåsing av Eivind Kjerpeset, gjekk kampen av stabelen i særs fredelege former. Sterk sol må ta skulda for at tempoet i periodar datt litt under toppnivå. 

 
Klikk på bilete for full storleik
Kenneth Blom utfordrar polakkane.

Fram til VM-kvaliken i 92/93 hadde Noreg ei stussleg historie å vise til av landskampar mot Polen, men BIL SØRAL heldt fram i same stilen som Drillos gjorde på Ullevål og i den legendariske kampen i Poznan.

 

Kampen starta relativt jamnt, men etter kvart viste det seg at SØRAL hadde noko meir å fare med. Bedriftsidrettslaget var meir samspelte, hadde noko betre kondis og - ikkje minst - kunne rutte med ein innbyttar. Det hadde ein del å seie for resultatet.

 
 

Kampen endte rundt om 12-2 til SØRAL, utan at nokon talde så nøye. At Lars Martin Kambe, Are Ulseth og Tore Sjo scorar to mål kvar, er elles eit uvanleg syn. Det har ikkje skjedd før, og skjer neppe igjen.

 
Klikk på bilete for full storleik
Kenneth sine armhevingar er av type light.
 
 
  Tilbake

 

Siste Nyhende
Turveke til Kaldestadåsen
Les meir[23.04.2012]
Tur til Gråskallen via Onarheimslia
Les meir[22.03.2012]
Flott skitur i Tveitedalen
Les meir[13.02.2012]
Bli med på tur til Tveitedalen
Les meir[30.01.2012]
Årsmøte i SØRAL B.I.L
Les meir[04.01.2012]
Sør-Norge Aluminium AS
Nytt turhefte
Aktivitetskalender

Utviklet av iDrift AS   20©06 SØRAL B.I.L.