Flott skitur i Tveitedalen

Klikk på bilete for full storleik
Flotte skiløyper i lysløpa i Tveitedalen.
 

Tveitedalen skisenter torsdag 9/2 2012 kl.1900. Vindstille, 4 minusgrader og draumeføre. Kiosken er open og lokkar med både kaffi, brus, saft, sjokolade og nysteikte vaflar for ein litt sveit og sliten skiløpar. Kva meir kan ein eigentleg ønska seg.

 

Me var 7 personar frå SØRAL BIL i Tveitedalen denne kvelden i tillegg til fotografen. Og me gjekk løypa som var så godt opplyst at det glinsa i snøkrystallane både på bakken og på trea i organisert uorden. Det vil sei at alle gjekk og kosa seg i sitt eige tempo, og at kvar einskild valde kor mange runda ein ville gå. Og om dei ville gå den korte løypa på 2 km eller den lange løypa på 3 km. Det blei nokre meter av det. Når ein legg saman det som kvar einskild gjekk, så vart det bort i mot 50 km til saman, ikkje verst på ein torsdag kveld.

 
Klikk på bilete for full storleik
Nokre av skiløparane rundar etter vel gjnnomført 2 eller 3 km runde.

Etter nokre rundar i skisporet måtte vi inn og smaka på godsakene i kiosken. Og så er det no så laga at varmestova inne ved kiosken, og er ein fin møteplass. Der kan ein treffa gamle kjente og stifta nye bekjentskap medan ein nyter kaffien, eller kva det no skulle vera.

Kort sagt vil eg anbefala alle å ta turen til Tveitedalen, dei vil garantert få ei koseleg kveldstund.

 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Ternebu, ei flott varmestove.

Tekst: Ståle Schille

Foto: Geir Berntzen

Nett: H.O.Østebø

Klikk på bilete for full storleik
 
 
  Tilbake

 

Siste Nyhende
Turveke til Kaldestadåsen
Les meir[23.04.2012]
Tur til Gråskallen via Onarheimslia
Les meir[22.03.2012]
Flott skitur i Tveitedalen
Les meir[13.02.2012]
Bli med på tur til Tveitedalen
Les meir[30.01.2012]
Årsmøte i SØRAL B.I.L
Les meir[04.01.2012]
Sør-Norge Aluminium AS
Nytt turhefte
Aktivitetskalender

Utviklet av iDrift AS   20©06 SØRAL B.I.L.