Kjempe bra GPS kurs !

Klikk på bilete for full storleik
Korleis få ein posisjon frå kartet over til GPS'en.....
 

Fredag kveld hadde 15 deltakarar funne fram GPS'en og var klar for kurs i bruk av GPS. Kurset var kommen i stand etter samarbeid mellom Kvinnherad turlag og SØRAL B.I.L og plassane var fordelt jamt mellom laga. Som kursleiar var Eirik Skare frå båtførerprøven.com hyrt inn (www.batforerproven.com). Skare har kjørt dette kursopplegget for Bergen turlag i fleire år og har gode skussmål derfrå.
 

Kurset var lagt opp med teori fredag kveld og praksis laurdag. Det starta med enkel innføring i prinsipp og viremåte for satellitt posisjonering, med mogeligheiter og begrensingar i systemet. Fekk vidare eit innblikk om datum i turkart og korleis posisjoneringa i kartet kan overførast til ein tilnærma posisjon i GPS'en.

 

Det neste på programmet var praktisk innstilling og bruk av GPS'en. Skare fekk nå ein stor utfordring å rettleia alle deltakarane på grunn av mange ulike Garmin GPS modellar blant deltakarane. Men dette takla Skare fint, alle fekk hjelp til å komma på rett spor...

 

Laurdag morgon kl 9, møtte alle fram i Rosendal for å setja den nyvunne kunnskapen ut i live. Nok ein gong viste Skare stort tålmod, og fekk alle deltakarane på rett kurs før avgang. Det vart laga mange ruter og markert fleire 'way-points', samt 'trackback' undervegs innover Muradalen.

 

Været vart heldigvis mykje lettare en vêrmeldinga varsla, så det vart ein kjekk GPS-tur.

Når klokka nærma seg 15, hadde gjengen brukt trackback funksjonen og funne tilbake til utgangspunktet. Kursdeltakarane gav uttrykk for å væra svært nøgde med kurset.

 

SØRAL BIL vil takka Kvinnherad turlag for samarbeidet og Eirik Skare for eit framifrå gjennomført GPS kurs for oss i Kvinnherad.

Bilete frå kurset nedanfor:

 

Foto/Tekst/Nett: H.O.Østebø

 
Klikk på bilete for full storleik
Eirik Skare leia kurset svært godt og loste oss vel gjennom kurset.
Klikk på bilete for full storleik
Kursleiar Skare med god veiledning til alle
Klikk på bilete for full storleik
Knut Arne i djup konsentrasjon
Klikk på bilete for full storleik
Torstein og Morten har full fokus på GPS'en.....
Klikk på bilete for full storleik
Smakar godt med mat ute i det fri :-)
 
Klikk på bilete for full storleik
Har vi rett posisjon nå....
Frå teoridelen på fredag....
Når kurset var over skulle plottet sjå omlag slik ut...... :-)
 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 

Siste Nyhende
Flott skitur i Tveitedalen
Les meir[13.02.2012]
Bli med på tur til Tveitedalen
Les meir[30.01.2012]
Årsmøte i SØRAL B.I.L
Les meir[04.01.2012]
Utdeling av fjelltrimpremiar
Les meir[04.01.2012]
Romjulstur på Sunde
Les meir[20.12.2011]
Sør-Norge Aluminium AS
Nytt turhefte
Aktivitetskalender

Utviklet av iDrift AS   20©06 SØRAL B.I.L.