Årets bedriftsserie i fotball er styggeleg nær slutten. Berre ein kamp står att og den blir avgjerande for kven som går til topps. Fjorårsvinnar Byggern har i år blitt for gamle til å kjempe om pokalen, men får likevel ei avgjerande rolle. Torsdag fekk dei så hatten passa av SØRAL. 2-10 er uvante siffer for den sigersvante Byggern-gjengen. SØRAL spelte betre enn nokon gong (frustrerande å sjå for ein som håpte å kunne kjenne seg sakna...), ikkje minst var Gjermund Skogseth i briljerande storslag.
Byggern møter i siste kamp uskedalingane Byggeriet. Oldboysane innafrå storspelte i vår og feide mellom anna SØRAL av banen med 9-1, men dei har slite litt meir med kondisen i haust. Likevel tek dei pokalen på best målskilnad om dei slår Byggern.
Tabellen er elles temmeleg amputert, etter at både Sofaproffane frå Herøysund og Skarveland har sett seg naudt til å trekkje sine lag. Valen kom forresten sterkt på slutten. Dei var nær ved å ta poeng frå Byggeriet (4-5) og dei tok sin første siger i sist kamp med 4-3 over innebandygjengen Eagles. Men dei måtte ha vunne med 17 mål meir for å unngå sisteplassen. Det får dei rette på til neste år.
* Tillegg: Byggern slo Byggeriet 3-0 i den siste kampen, og dermed gjekk Søral til topps. |