SØRAL 1 til topps i fotballturneringa | |||||
| |||||
| Laurdag skipa SØRAL B.I.L. til si årlege fotballturnering i Husneshallen. Ein månad tidlegare enn normalt, og det kan vera årsaka til at berre 8 lag var påmeldt. Det hindra i allefall ikkje SØRAL 1 i å ta pokalen sjølve. | |||||
| |||||
Trass i få lag vart det vist stor innsats og mykje god fotball blant dei frammøtte. Tilskodarane fekk oppleve jamne kampar, kun ein kamp endte med meir enn 2-målssiger. Tonen ute på banen var også god. Cupen gjekk faktisk av stabelen heilt utan utvisningar!
Førehandsfavoritten Aksen 2 vann sine 2 første kampar og såg veldig sterke ut. Så gjekk dei på ein stjernesmell og tapte 1-3 for Råmund. Med 3 lag på 6 poeng i gruppa, missa Aksen semifinaleplassen på dårlegast målskilnad. SØRAL Mix, som stort sett besto av spelarar som relativt sjeldan viser seg på bedriftstreningane, måtte tåle sisteplassen og tapte sågar sidan jumbofinalen for Blå lys. | |||||
| |||||
|
.
I den andre gruppa vann SØRAL 1 sine 2 første kampar, men tapte så 1-3 for Havglimt frå Bømlo. Bømlingane vann dermed gruppa utan tap.
Trio sitt gutelag sto for ungdomsalibiet i turneringa. Laget var flinke til å spele ball, men kom litt til kort i avgjerande situasjonar framom måla. Etter 2 tap, vann dei den tredje kampen. I sluttsekunda sette Andreas Osland Høivik sigersmålet bak sjølvaste Inge Tungesvik i Blålys-buret og gutelaget endte til slutt på 6.plass. | |||||
| |||||
|
. . | |||||
| |||||
|
Den første semifinalen var eit reint utabygdes oppgjer. Havglimt tok finaleplassen med 1-0 i ein tett kamp, der Råmund frå høgskulen på Stord hadde enorme sjansar i sluttminutta. SØRAL 1 møtte så laget som imponerte mest i innleiinga, Harding.
Per Einar Gjerding og hans menn førte kampen, men det var SØRAL som scora. Først ved Harald Hope, sidan ved Gjermund Skogseth. Jan Magne Nesse storspelte i mål og Vidar Røstbø gjorde ein framifrå innsats med å ta luven frå Harding sin notoriske måljeger, Ivar B. Arnesen. SØRAL-laget hadde marginane med seg og var med 2-0 klare for finalen. . . | |||||
| |||||
|
I bronsefinalen tok dog Kvinnherads Romário hemn, då han bortimot åleine sikra den minste pokalen for Harding. Først med ei flott vending og skot i beste Ivar B.-stil og sidan på ei forrykande kontring saman med Tore Olderkjær. Dermed måtte Råmund ta til takke med 4.plassen, trass i eit trøystemål på slutten.
I finalen tok SØRAL 1 revansje for tapet i innleiande spel for Havglimt. Gjermund Skogseth stupheada inn 1-0 tidleg i kampen og same mann trilla inn 2-0 på pasning frå Rune Sjo. Gjermund var turneringas store spelar og var sist på rundt 80% av måla til SØRAL-laget. Etter dugeleg defensivt arbeid i resten av kampen, kunne leiar i fotballgruppa, Tore Sjo, dele ut vinnarpokalen til seg sjølv. . . | |||||
| |||||
| |||||
|
. . | |||||
| |||||
| |||||
|
. . | |||||
| |||||
|
. . | |||||
| |||||
|
. . | |||||
| |||||
|
. . | |||||
| |||||
|
. | |||||
| |||||
| Turveke til Kaldestadåsen | |
| Les meir | [23.04.2012] |
| Tur til Gråskallen via Onarheimslia | |
| Les meir | [22.03.2012] |
| Flott skitur i Tveitedalen | |
| Les meir | [13.02.2012] |
| Bli med på tur til Tveitedalen | |
| Les meir | [30.01.2012] |
| Årsmøte i SØRAL B.I.L | |
| Les meir | [04.01.2012] |