Referat NM i bedriftsfotball 2005 | |||||
| |||||
| Sist helg (2.-4.september) var 12 staute SØRAL-karar og 4 buskedamer på tur til Skien/ Porsgrunn for å forsvare bedriftsidrettslaget si ære i fotball-NM. Det var ei triveleg helg sosialt og sportsleg rakk vi fleire fine sigrar før det vart stopp i 1/8-finalen. | |||||
Lars Ove blafra med eit førarkort for minibuss og tok oss vel fram med Totland-ekspressen gjennom både sol og plaskregn. Stemninga vart stadig høgare og vi var framme på hotell Ibsen i 19-tida fredag. Så var det ein kjapp runde i dusjen før middagen, som vart noko skjemt av særs langsommeleg service. Det tok ikkje humøret frå oss og det vart tid til ein runde på pub. Dei fleste var vel dog ikkje så veldig seint i seng, for bussen til stadion i Porsgrunn gjekk allereie kl 09 laurdag.
Den første kampen vart ein gedigen nedtur. BBS virka meir budd en slappe SØRAL-spelarar, som ikkje var på tå hev. Dermed kom vi raskt 2 mål under. Are scora før pause, men det gjorde også BBS, slik at det ved byte av banehalvdel sto 1-3. Taktikken med 3 mann bak gav eit altfor baktungt lag og det krydde av personlege feil. I andre omgang betra spelet seg noko, men i målprotokollen vart det med Thore sitt kanonskot. Dermed eit fortent tap 2-3 og ein ufyseleg start. Sidan berre 2 lag avanserte frå gruppespelet – og gruppevinnaren gjekk direkte til 1/8-finale – var dette dårleg nytt.
Etter eit par rolege timar i strålande ver, var imidlertid formen i anmarsj. Neste kamp var mot Porsgrunn kommune, som hadde vunne sin første kamp. Dermed var dette 2x15 veldig avgjerande minutt for årets NM-prestasjon. Kampen starta relativt jamnt, men etter kvart tok SØRAL kraftig over. Dei utrulegaste sjansar vart brend, men kort før kvilen braut Vidar eit angrep og vi fekk ein enorm kontringssjanse. Ballen gjekk via Are og fram til Gjermund som hadde halve banen for seg sjølv. Han runda iskaldt målvakta og sette kontrollert inn 1-0.
I andre omgang var det ingen tvil. Scorings-Willy var i slag og netta kjapt 2 gonger, etter pasning frå hhvis Kenneth og Åge. Den siste var ein skikkeleg godbit, då midtstoppar Åge raida framover og serverte Willy ei retteleg marsipankake av ei målgjevande pasning. Mot slutten gjekk motstandaren i oppløysing og Jan Magne og Rune fastsette resultatet til 5-0.
Dermed hadde vi plutseleg eit solid utgangspunkt før siste innleiande kamp mot Kraft Peterson, som sto med 2 tap. I denne kampen heldt SØRAL fram det gode spelet, men spissduoen Are og Willy brende den eine sjansen større enn den andre. Sidan Rune gav oss 1-0 allereie etter 2 minutt, då han tok ned ei langpasning frå Thore, var det likevel ingen grunn til panikk. SØRAL overspelte motstandaren fullstendig, men ein kjempesjanse midt i andre omgang kunne lagd spaning. Då var Hallvard si feberredning god å ha. Rett etter vart kampen avgjort. Thore forserte på venstresida og Willy luska som vanleg i feltet og lukta mål. Han trilla lett inn 2-0 og fekk sågar gleda av å dundre inn kampens siste rett før full tid.
Uhellet mot BBS forhindra gruppesiger, men avansement som andrelag var godt nok. Det medførte at Royal Garden sto på motsatt side, og skjerma for slakteriet. Eller 1/8-finale på søndagen, om ein vil. Laget frå Trøndelag var skadeplaga og klarte ikkje å henge på tempoet til SØRAL-gjengen, som var flinke med hyppige innbyter. Rune gav oss ei tidleg leiing og Jan Magne dobla midt i omgangen. SØRAL spelte fin fotball og skapte mange sjansar.
Av ein eller annan grunn slapp vi Royal Garden inn i kampen igjen med redusering på straffe rett før pause og eit spelemål rett etter sidebyte. SØRAL førte likevel kampen, og Willy sendte buskedamene (buskedamer, ikkje duskedamer, då dei går laus på lokale buskar for å finne og lage supporterutstyr) til himmels etter at Rune hadde snappa ein stor trøndersk forsvarsblunder. 3-2 og vi skulle ro sigeren i land. Men på overtid rota vi det til i forsvar. Retur ut i feltet og Lars Ove var utspelt. Skotet gjekk mot tomt mål, men på refleks stoppa Panzer-Åge ballen med handa. Raudt kort og utlikning på straffe med kampens siste spark på ballen. Dermed vart det straffekonk, og etter at 7 mann hadde vore framme, var det klart at SØRAL-eventyret var ute for denne gong.
Litt surt, men samstundes veldig praktisk mhp ein grom utepils og ein hyggjeleg kveld på mexicansk restaurant, fotballpub (heia Noreg!) osb. Dermed baud også høvet seg til ei relativt tidleg avreise søndags formiddag og støle og slitne (men skadefri!) spelarar kunne rekke heim og somne i sofaen til barne-tv.
Rettar til slutt ein stor takk til reiseleiarar Jan Magne og Tore, samt sjåfør Lars Ove! Takk for ei framifrå helg.
Deltakarar NM 2005: Hallvard, Lars Ove, Thore, Åge, Vidar, Tore, Kenneth, Jan Magne, Rune, Gjermund, Are, Willy, samt buskedamene Merete, Hilde, Hanne og Rose. Neste år går NM i Stavanger! | |||||
| |||||
| |||||
| Turveke til Kaldestadåsen | |
| Les meir | [23.04.2012] |
| Tur til Gråskallen via Onarheimslia | |
| Les meir | [22.03.2012] |
| Flott skitur i Tveitedalen | |
| Les meir | [13.02.2012] |
| Bli med på tur til Tveitedalen | |
| Les meir | [30.01.2012] |
| Årsmøte i SØRAL B.I.L | |
| Les meir | [04.01.2012] |